Per Olaf Lundteigen er ein norsk gardbrukar og politikar for Senterpartiet, som er stortingsrepresentant frå Buskerud i perioden 1993–1997 og frå 2005.
Per Olaf Lundteigen
Faktaboks
- Fødd
- 18. april 1953, Øvre Eiker, Buskerud
- Verke
- Bondeleder og politiker
- Familie
-
Foreldre: Gårdbruker og tømmermåler Einar Lundteigen (1924–2016) og ligningssekretær Bertha Ek (1927–).
Gift 1982 med konsulent Guri Kjenseth (5.1.1955–).
Bakgrunn
Per Olaf Lundteigen er fødd i Øvre Eiker. Han gjekk vidaregåande skule i Hokksund 1969–1972 og er utdanna cand.agric. frå Noregs Landbrukshøgskole (no Norges miljø- og biovitenskapelige universitet (NMBU)) på Ås i 1977.
Lundteigen var sekretær i Noregs Bondelag 1977–1979, prosjektleiar i Ringebu kommune 1979–1982, forskar i budsjettnemnda for jordbruket 1982–1983, gardbrukar på Gommerud gard frå 1982 og fylkesagronom ved fylkeslandbrukskontoret i Buskerud 1983–1986.
Politisk karriere
Lundteigen var generalsekretær i Senterpartiet 1997–1999. Han var leiar av Buskerud Senterparti 2000–2003 og medlem av Øvre Eiker kommunestyre 2003–2007. Han var innvald som stortingsrepresentant for Senterpartiet frå Buskerud 1993–1997 og vart vald inn på nytt i 2005.
Lundteigen har vore medlem av finanskomiteen på Stortinget 1993–1997 og 2005–2012, av kontroll- og konstitusjonskomiteen 2011–2017 og av arbeids- og sosialkomiteen sidan 2012. Han var første nestleiar i kontroll- og konstitusjonkomiteen på Stortinget 2011–2013 og i arbeids- og sosialkomiteen frå 2021. Han var statssekretær for statsråd Odd Roger Enoksen i Kommunal- og regionaldepartementet i regjeringa Bondevik 1999–2000.
Andre verv
Lundteigen var nestleiar i Omsetningsrådet 1987–1991 og medlem 1992–1993, medlem av Inntektsutjamningsutvalet 1987–1988, medlem i Landbrukspolitisk utval 1987–1990 og medlem av rådet for Makt- og demokratiutgreiingsutvalet 1998–2003. Han var leiar av Norsk Bonde- og Småbrukarlag 1986–1992.
Utgjevingar
Lundteigen gav ut boka Annerledeslandet – som ikke er seg selv nok saman med Anne K. Grimsrud i 1997, der dei argumenterer for å ta vare på tradisjon og kultur og samtidig ha visjonar om å ville noko betre.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.