Matthias Krogh var ein norsk prest og politikar. I 1804 vart han utnemnd til biskop i det nyoppretta bispedømet for heile Nord-Noreg, der han var kyrkja sitt overhovud i 25 år.
Familien flytta til Bø i Vesterålen i 1758, og han fekk privatundervisning heime til 1768. Som 14-åring drog han til København, der han tok examen philosophicum i 1768 og teologisk embetseksamen i 1778. Frå 1782 var han prest på Senja, i Lofoten og i Trøndelag, og då Nordland, Troms og Finnmark vart skilde ut som eige stift (Nordlandene og Finnmarken stift), vart han biskop for heile landsdelen. Han sat i embetet fram til 1828.
Krogh var ein frilynt teolog, som ville mildne den pietistiske kristendomstolkinga i samtida. På det verdslege planet ivra han for betre skulestell, for utdanning av lærarar og for at samiske born skulle få undervisning på morsmålet. Han stod på for å få i gang ein lærarskule i Troms, og han var med i planlegginga av universitetet i Oslo. For å styrkje næringslivet i landsdelen arbeidde han for å avskaffe handelsmonopolet til bergenskjøpmennene. Målet var å få ein eigen kjøpstad i Nordland.
Samfunnsengasjementet tok rikspolitiske former då han vart vald inn som representant for Nordland til Stortinget i 1814. Den viktigaste saka var nettopp kravet om eigen kjøpstad. Løyvet kom i 1816. Då vedtok Stortinget at Bodø skulle få bystatus.
Krogh sin samfunnsgagnlege innsats vart heidra med Dannebrogordenen i 1810 og den svenske Nordstjärneordenen i 1817. Lokalt er det reist ein minnestein over han i Bø.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.