Hopp til innhald

Alborz-provinsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Alborz
البرز
provins
Land  Iran
Region Region 1
Fylke 6
Hovudstad Karaj
Areal 5 833 km²
Folketal 2 712 400 (2016)[1]
Tidssone IRST (UTC+03:30)
 - Sommartid IRDT (UTC+04:30)
Retningsnummer 026
Kart
Alborz-provinsen
36°00′40″N 50°48′34″E / 36.011111111111°N 50.809444444444°E / 36.011111111111; 50.809444444444
Kart over kommunane i provinsen.
Kart over kommunane i provinsen.
Kart over kommunane i provinsen.
Wikimedia Commons: Alborz Province

Alborz-provinsen (farsi استان البرز, Ostan-e Alborz) er ein av 31 provinsar i Iran, kring byen Karaj.[3]

Alborz-provinsen vart skipa då Teheran-provinsen vart delt i to provinsar, etter ei godkjenning i det iranske parlamentet 23. juni 2010, og vart introdusert som den 31. provinsen i Iran.[3] I 2014 vart han plassert i Region 1.[4]

Provinsen ligg nordvest for Teheran og er delt inn i fire fylke, Karaj, Savojbolagh, Taleghan og Nazarabad.[5] Karaj er hovudstaden i provinsen. Alborz-provinsen [3] ligg 35 km vest for Teheran, ved foten av Alborzfjella, og ut frå flatevidd er dette den minste provinsen i Iran.

I følgje ei den nasjonale folketeljinga var det i 2011 2 412 513 innbyggjarar i provinsen, der 90,5 % bur i urbane strok.[6]

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Alborz-provinsen