Hopp til innhald

Maia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Den utskrivbare versjonen er ikkje lenger støtta eller kan ha rendring-feil. Oppdater eventuelle bokmerke i nettlesaren din og bruk den vanlege utskriftsfunksjon til nettlesaren i staden.
Sjå òg Maia (fleirtyding)

Maia, Maja og Maya er kvinnenamn som kan ha fleire ulike opphav. Maia har namnedag den 7. mai.

Tydingar

Nepalsk statue av Maya Devi, mor til Buddha som gudinne.

Maia og Maja er ei tysk og nordisk kortform av Maria, eit mykje brukt namn på grunn av dyrkinga av Jomfru Maria.

Maya kan vera ei spansk kortform av Amalia eller av baskisk Amaia/Amaya.

Det greske namnet Maia (Μαια) var brukt om ei av Pleiadane. Romarane brukte dette namnet om gudinna Bona Dea, og det skal dermed ha gjeve opphav til namnet på månaden mai.

Det hebraiske namnet Maya (מַיָּה) er ei kortform av ma'ayan, som betyr 'bekk'.

Sanskrit-namnet Maya (māyā) er eit omgrep innan buddhismen og hinduismen som viser til verda som ein illusjon. Mor til Buddha heitte dette.

Namna har fleire ulike skrivemåtar, som finsk Maija, (tidlegare) islandsk Mæja, og amerikansk engelsk Mia, Miya, Miyah, Mya og Myah. Mai er ein nordisk variant.

Bruk

I Noreg var det 3033 kvinner som heitte Maja, 644 som heitte Maya og 528 som heitte Maia i 2009.

Namneberarar

Den georgiske sjakkspelaren Maja Tsjiburdanidze.

Kjelder