Hopp til innhald

Øystein Orre

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Versjonen frå 22. mai 2020 kl. 14:15 av Jeblad (bot) (diskusjon | bidrag) (Setter på parenteser)

Øystein Orre (d. 25. september 1066 ) var ein norsk stormann av Arnmødlingætta.

Øystein var son av Torberg Arnesson til Giske. Han var kong Harald Hardrådes næraste allierte, systera hans var gift med kongen.

Øystein var med på kongens felttog i England i 1066. Her hadde han kommando over reservestyrkane som passa på skipa, medan kongen rykte fram mot byen York med sin hærstyrke. Øystein prøvde å kome kongen til hjelp under slaget ved Stamford bru. Då han nådde fram var kongen allereie fallen, men Øystein med sine menn kasta seg likevel inn i striden. Øystein og størstedelen av den norske hæren fall etter ein kamp som vart kalla «Orreria».