Udmurtia[a] er ein republikk i Russland og eit av føderasjonssubjekta i den russiske føderasjonen. Hovudstaden er Izjevsk, arealet er 42 100 km² og innbyggjartalet er 1 493 356 (2021). Området vart oppretta i 1920 som eit autonomt område for udmurtane, eit finsk-ugrisk folkeslag.

Udmurtia
Удмуртия
republikk
Flagg
Symbol
Nasjonalsong: Gimn Udmurtskoj Respubliki, (Vossijaj, ottsjizna moja!) – «Republikken Udmurtias Hymne (Skin, mitt fedreland!)»
Land  Russland
Del av Den volgiske føderasjonskrets
Hovudstad Izjevsk
Areal 42 100 km²
Folketal 1 493 356 (1. januar 2021)
Språk russisk, udmurtisk
Tidssone UTC +4
Bilnummer 18
Kart
Udmurtia
57°17′00″N 52°45′00″E / 57.283333333333°N 52.75°E / 57.283333333333; 52.75
Kart over Udmurtia.
Kart over Udmurtia.
Kart over Udmurtia.
Wikimedia Commons: Udmurtia

Udmurtia ligg vest for Uralfjella mellom elvane Kama og Vjatka. Landskapet er bylgjande sletteland, høgste punktet er om lag 330 meter over havet.

Folkesetnad

endre

Dei største byane er hovudstaden Izjevsk, (627 700 ibuarar), Sarapul (101 400), Votkinsk (99 020) og Glazov (95 850).[1]

I 2010 var den etniske samansetjinga i Udmurtia:[1]

Komponisten Pjotr Tsjajkovskij vart fødd i det som i dag er Udmurtia. Den kjende våpensmeden Mikhail Kalasjnikov har budd her sidan 1949.

Merknader

endre
  1. Udmurtisk og russisk Удмуртия Udmurtia. Offisielt russisk Удмуртская Республика Udmurtskaja respublika, udmurtisk Удмурт Республика/Элькун Udmurt Respublika/Eľkun

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 "Vserossijskaja perepis naselenija 2010" - Folketeljinga i Russland 2010

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Udmurtia
  Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.